God service og godt arbeid
Eg har hatt bilen min på service og reparasjon hos Haugland Automobil fleire gonger det siste halve året. Det har vore ei god oppleving, kvar gong. Her får eg klare svar på kva som må gjerast og kva dei meiner burde gjerast. Arbeidet som vart gjort på verkstaden gjorde bilen betre og tryggare. Og Haugland Automobil gjer jobben raskt og presist. Dermed kjennes det trygt å vera kunde her. Har også funne ut at dei har kapasitet på rustskader og karosseriarbeid. Det kjem eg til å nytta meg av denne våren.